Stabburet

Lita tømmerhytte som opprinneleg vart bygd i 1760, og som i 1970 vart riven ned og flytta til Risnesøyna. Hytta er ivaretatt slik den var, med tømmerveggar og småruta glas. Stabburet ligg idyllisk til ved innløpet til Lifjorden. Her renn Risnesstraumen forbi i ein fart på 6,5 knop.

Hytta har eit soverom, eit lite kjøkken, stove og inngang. Utedo. Her er kun innlagt kaldt vatn. Oppvarming med vedfyring. Koking og kjøleskap på gass. Vannklosett, dusj og vaskemaskin på fastlandet.

Stabburet er mest for dei som ønskjer seg «tilbake til naturen».

Langtidsleige.

stab1

Hatlems Hytter

Telefon: 57 78 88 39 / 952 53 943

E-post: oddvar.hatlem@online.no

Webdesign av Finurlig

Nyt Vestlandet.
Besøk Hatlems Hytter, du og!