Området rundt Lifjorden har mykje spanande å by på av natur, kultur og historie. Her kan du oppdage noko nytt kvar einaste dag!

Mange av våre gjestar kjem til Risnes for å oppleve fjord og fjell. Lifjorden har særs gode forhold for fiske, og på land er det eit utruleg flott turterreng med godt merka stiar. Det er særleg flott å bestige Lihesten på 777 moh.

Kart over Lihesten og Lifjorden.

Kart over Lihesten og Lifjorden.

Risnes ligg åtte kilometer frå kommunesenteret Hyllestad med matbutikk, bensinstasjon, legesenter mm. Her finn du og Norsk Kvernsteinsenter som husar mykje interessant kulturhistorie knytt til steinbruk i tidlegare tider.

Det er og kort veg frå Risnes til innhaldsrike bygder som Leirvik og Sørbøvåg.

Hatlems Hytter

Telefon: 57 78 88 39 / 952 53 943

E-post: oddvar.hatlem@online.no

Webdesign av Finurlig

Nyt Vestlandet.
Besøk Hatlems Hytter, du og!