Havørnulykka

Tysdag den 16. juni 1936 tok sjøflyet «Havørn» av frå Bergen flyhavn i Sandviken som vanleg kl. 06.30. Flyet skulle fylgje den vanlege post- og passasjerruta nordover til Tromsø. Alt tyda på ein normal og behageleg tur. Vermeldinga var ikkje den beste, men ikkje skræmande på noko vis. Radiosambandet med flyet fungerte utmerka. Siste kontakt var kl.06.45 då flyet melde å vere over Sognesjøen. Men flyet gjekk lenger aust og folk på Risnes registrerte at flyet flaug lågt, og at det brått endra kurs i vestleg retning, samstundes som det byrja stige, før det forsvann inn i gråsvart regnskodde som hang over Lihesten. Så kom eit øyredøyvande brak. Flyet hadde gått rett i Risnesnipa og eksplodert.

Alle sju om bord, fire mannskap og tre passasjerar, omkom.

Den 14. juni 2008 vart det avduka ein minnestein til ære for dei omkomne og deltakarane i det vanskelege hjelpe- og identifiseringsarbeidet. Minnestøtta står på Risneshaugane, rett under der ulukka skjedde.

Hatlems Hytter

Telefon: 57 78 88 39 / 952 53 943

E-post: oddvar.hatlem@online.no

Webdesign av Finurlig

Nyt Vestlandet.
Besøk Hatlems Hytter, du og!