Bua

Koseleg innreia loftsetasje på sjøbu. Stove med kjøkkenkrok, to soverom, bad med dusj og toalett. Ekstra opphaldsrom ved sida av leiligheita, innreda med langbord i litt maritim stil. Balkong. Parkering ved Bua.

bua1

bua4

bua3

bua2

Naustet

Leilighet heilt i strandlinja i 2. etasje av båtnaust. Inneheld stove med kjøkkenkrok, to soverom, bad med dusj og toalett, gang og yttergang med stor fryseboks. Lun, solrik terrasse. Parkering 30 meter frå leiligheita. Langtidsleige.

Nye Ekrene

Hytte bygd i 2001 på fastlandet i Lifjorden. Hytta ligg fint til med direkte utsikt mot sjøen, og inneheld stove med kjøkkenkrok, to soverom, eit lite bad med dusj og i tillegg ein stor hems. Hytta har ein lun, solrik terrasse. Parkering ved hytta.

nye2

nye3

ekrene2

ekrene1

Silda

Tømmerhus som ligg vakkert til i Sildevika på Risnesøyna. Huset vart rive, flytta og sett opp att der i 1974. Den koselege stova har blåmala tømmerveggar, vedfyring og utsikt mot sjøen og Lihesten. Her kan ein få ro i sjela!

Huset har stove, kjøkken, to soverom og bad med dusj. Her er innlagt straum og vatn. Utedo. Hytta har eigen kai og gode fiskemoglegheiter direkte frå kaia.

Oppvarming med ved og elektrisk. Både gass og elektrisk til koking. Kjøleskap med liten fryseboks. Alt av kjøkkenutstyr og sengklede. Langtidsleige.

Ekrehytta

Hytte bygd i 1991, på fastlandet i Lifjorden. Hytta ligg heilt i strandlinja og har eigen kai. Her kan du ta morgonbadet direkte frå eigen kaikant. Hytta inneheld stove med kjøkkenkrok, to soverom, eit lite bad med dusj og i tillegg ein stor hems. Hytta har ein fin solrik terrasse med utsikt over sjøen. Parkering ved hytta. Langtidsleige.

Brisling

Hytte bygd i 2001 på Risnesøyna med panoramautsikt til Tollesundet og den majestetiske Lihesten mot nord. Hytta inneheld stove med kjøkkenkrok, to soverom, eit lite bad og stor hems. Det er og vedbod og toalett i eige bygg. Dusj og vannklosett på fastlandet, samt vaskemaskin og stor frysar. Hytta har ein lun og fin terrasse.

bri1

bri3

bri2

bri4